Tips til korleis du bruker Dramatrix for å planleggja effektive og engasjerande teaterøvingar.
Start på framside og oppgi målgruppe, tal på deltakarar, erfaring og kor lang tid økta skal vara. Dramatrix plukkar så ut øvingar som passar.
Vil du styra meir sjølv? Bruk avanserte val: huk av kategoriar du vil ha med, eller ekskluder dei som ikkje passar, og vel energinivå og fysisk intensitet.
Ei økt har tre delar: oppvarming, hovudøvingar og avslutning. Lag ein energiboge – start rolegare, bygg opp mot eit høgdepunkt midt i økta, og ro av mot slutten.
Tommelfingerregel: ca. 15 % oppvarming, 75 % hovuddel og 10 % avslutning av tida. Du kan endra tidsbruken på kvar øving direkte i planen.
For nye grupper: Start med introduksjon og gruppebygging, før du går laus på improvisasjon og skodespel. Det er viktig å byggja tryggleike fyrst, deretter gje fleire utfordingar.
Øvingane er merka med kva målgruppe (barn, ungdom, vaksne) og erfaringsnivå dei passar for. Du kan filtrera etter målgruppe for å finna øvingar som treff deltakarane dine.
Kort tid og mykje bevegelse fungerer oftast best for barn. Ungdommar og vaksne bør få meir øving i improvisasjon og skodespel.
Varier mellom fysiske og tekniske øvingar. Dersom du vekslar mellom fokus, sikrar du at fleire deltakarar deltar aktivt. Ikkje ha to liknande øvingar rett etter kvarandre.
Gje deltakarane eigarskap: La dei foreslå øvingstypar og variasjonar, og vurder øvingane saman etterpå
Del planen med medinstruktørar via menyen Del i planvisinga – dei får ei lenkje med lesetilgang.
Skriv ut enkeltøvingar eller heile planar som PDF og ta dei med på økta. Du kan òg lasta ned heile øvingsbiblioteket, sortert alfabetisk eller etter kategori.
Har du ei øving som manglar i biblioteket? Legg henne til sjølv under «Legg til øving» i øvingsbiblioteket.